torsdag 14. juni 2012

"Guten"


Ho vakna brått. Dei djupblåe satengsengekleia var klamme, fuktige. Dei klistra seg til beina hennar. Ho var varm og sveitt. Ho hadde drøymt, og det var ikkje ein ny, ukjent draum. Det var den same draumen som ho hadde drøymt i fleire veker no. Det same rommet, det same månelyset. Den same skikkelsen i senga framom ho. Den same følelsen. Den same varme følelsen.

Ho sto opp. Dei barføtte beina hennar tråkka over nokken nokre skitne truser på golvet nedom senga. Sola steikte gjennom vindaugsruta ruta på vindauget. Ho klarte nesten ikkje sjå, nesten ikkje puste. Ho opna vindauget på vidt gap, og fuglekvitter fylte rommet. Mens ho satt i vindaugskarmen karmen på vindauget og kikka på kattene som leika nedom fuglebuskane, tenkte ho på draumen. Den varme draumen som aldri ga slipp, som ho aldri forsto. Ho såg på klokka på høgrehanda si;
Faen, eg har forsove meg.
Ho drog på seg ei skitten truse og den nærmaste jeansen ho fant. Ho kneppa ei kvit skjorte idet ho sprang ned trappa frå soverommet. Ho visste ho kom til å få gnagsår i det sekundet ho bestemte seg for å bruke Converse-skoa utan sokkar inni, men ho hadde ikkje tid. Da ho smekka igjen døra til leilegheita bak seg, hadde ho allereie tent dagens første sigarett. Ho visste det ikkje var bra for ho. Ho visste og at all drikkinga, festinga, og sexen med kven-som-helst ikkje var bra for ho, også. Men det var slik ho levde livet sitt, og ho orka ikkje å bry seg om livsstilen hennar var sunn eller ikkje. ”Alle ska vi daue”, brukte ho å seie.

Dei grøne Converse-skoa slengte i veggen. Ho hadde rett da ho tenkte med seg sjølv av ho kom til å få gnagsår; hælane hennar var rosa og væskefylte. Sjefen var ikkje særleg fornøyd med at ho kom for seint igjen, men etter eit femten minuttar langt møte på kontoret hans, hadde dei på et vis komme til ein einigheit. Ho tømte oskebegeret, og tok seg eit glas av ein kostbar, raud vin. Mens ho røykte sin tyvende sigarett i dag, dundra Nirvanas ”Smells like teen spirit” på stereoen. Kurt Cobain hylte ”here we are now, entertain us!”, mens ho trampa i takt. Ho tok av seg jeansen og slengte seg nedpå sofaen og såg i taket. Ho var kåt.
Eg treng ein mann.
Dei femten minuttane på jobben telte liksom ikkje. Det var bare ein nødvendighet ho av og til måtte ty til for å behalde jobben. Ho tenkte ikkje så mykje over det, ho likte tilfeldig sex, og avskydde tanken på eit forhold der ho måtte være monogam. Ho styrta raudvinsglaset, stumpa sigaretten, skrudde opp lyden på stereoen, og gjekk i dusjen.

Det heitaste utestedet i byen. Dei kulaste drinkane og dei råaste mannfolka. Ho hadde fått et stempel på handleddet, og hadde allereie blitt påspandert sin første drink. Det var første gangen på evigheter ho hadde betalt seg inn på et utested og huska det; som regel var ho dritings før ho kom. Ho såg seg rundt. Sjekka kva mulegheiter ho hadde. Ho såg bare halvgamle menn i dress, og dei var ho ikkje ute etter. Ho likte dei unge, friske. Ho bestilte ein Cosmopolitan, og lekte med tanken på å være som Samantha, ein av karakterane i Sex and the City; den litt eldre dama som knulla alt på to bein, ung eller gammal, jente eller kar. Ho snudde seg igjen for å speide terrenget. Ved første augekast såg ho igjen bare dei gamle mannfolka i dress. Ho kasta eit nytt blikk over golvet. Ho kvilte auga på eit mørkt hjørne, like ved utgangsdøra. Det satt noen nokon der. Ho gikk bort, og drog eit leikent smil. Han tok ho lett i handa og smilte tilbake. Ho satt seg. Dei sa ingenting til kvarandre, sendte bare intense blikk mellom seg.

Ho gjekk opp ein snirklete trappeoppgang og blei vist inn ei dør med glasvindaug. Ho hadde så vidt fått tatt av seg dei høge hælane før ho kjente ei hand under kjolen. Ho pusta tungt, nøyt det i tunge drag. Ho dytta han hardt unna seg, og smilte frekt. Ho spilte kostbar. Ho la merke til badet i enden av gangen, og gjekk mot det. Han smetta inn ei anna dør bak ho, og stengte den. Han ville leike, og det gjorde ho opphissa. Ho snudde og gjekk til den stengte døra, og opna den sakte. Ho stod i døropninga.

Ho blei varm og sveitt. Det var som ein draum. En kjent draum. Den same draumen som ho hadde drøymt i fleire veker no. Det same rommet, det same månelyset. Den same skikkelsen i senga framom ho; den same guten. Men følelsen var ikkje varm lenger.

Denne novella var svaret mitt på vårens nynorsktentamen. Jeg fikk karakteren 5. Utstrykningene i teksten er de grammatiske feilene læreren påpekte.

3 kommentarer:

Erna Kristin sa...

Så flink du e ! <3

Olivia sa...

Bra novelle! Liker nynorsk :)

Hilde sa...

Oi, det va bra skreve. :-)
(Skriv ein fortsettelse, plis.)